”Lokalbanken – ditt beste valg!”
Bø Sparebank skal vere ein serviceinnstilt, tilgjengeleg og moderne lokalbank med konkurransedyktige vilkår på strategisk viktige produkt og finansielle tenester.
Gjennom personlege relasjonar og dyktige og kompetente medarbeidarar, skal Bø Sparebank vere den banken kundar i Bø og Midt-Telemark foretrekk. Vidare skal Bø Sparebank vere eit konkurransedyktig alternativ for lønnsomme personkundar utanom Bø.
Gjennom sjølvstendige valg, samarbeid og alliansar, skal dette legge grunnlag for balansert vekst, økonomisk utvikling og soliditet.